Brest, Frankrike

Til verdens største maritime festival

Til verdens største maritime festival

Lengst vest i Frankrike ligger Brest som huser verdens største maritime festival frå 11.-17. juli. Meir enn 2000 historiske skip og båtar er venta og nesten 20 av desse er norske.

Publisert Sist oppdatert

Fleire av dei norske skutene kasta loss for fleire veker sidan og har segla innom Skottland, England og Irland på vegen. Etter planen skal dei vera framme i Brest torsdag 10. juli.

Tidsspennet som den norske flåten som deltar i Brest representerer er stort, nesten to tusen års sjøfartshistorie. Den eldste båten er ein fullskala rekonstruksjon av Halsnøybåten frå eldre jernalder (datert til ca. 300 e. Kr.) og det er med nybygd Nordlandsbåt og Oselvar.

Norge ved Forbundet Kysten er eit av fem land som er spesielt invitert som æresgjest. Dei andre æresgjestene er Vietnam, Madagaskar, Galicia og Kroatia.

Den nesten 1300 m² store norske utstillinga er difor svært sentralt plassert på ein pir midt i hamna. Med i det norske programmet høyrer båtbyggjing, tradisjonshandverk, ny maritim teknologi, sjømat, musikk, kunst, aktiv formidling, seglas og oppvisning i godt sjømannskap, eldre båtmotorer, ulike nausttypar, modell av Ryvingen fyr, restauarant, seminar og foredrag.

Norges utstilling og deltaking i Brest har fokus på kystkultur og maritimt kulturminnevern, maritim teknologi, berekraftig forvaltning av natur og kultur og den immatrielle kulturarven både globalt og nasjonalt, særleg i samband med tradisjonell båtbyggjing og handverkstradisjonar.

SEILmagasinet vil rapportera undervegs frå festivalen.

For meir informasjon kan ein lesa Forbundet Kysten sine Brest-sider her.

Festivalen sine offisielle sider finn ein her.