International Knarr Championship i Bergen

Amerikansk i tet

Amerikansk i tet

Halvvegs i serien på l0 løp har amerikaneren John Perkins 4 sigrar som teljande resulat. Danskane Lars Gottfredsen og Søren Pehrsson ligg på 2. og 3. plass.

Publisert Sist oppdatert

Før starten av mesterskapet har ein loddtrekning av kva for ein av dei 21 båtane kvart mannskap skal segla med dei ulike dagane i mesterskapet. Skal ein gå til topps må ein sjølvsagt ha eit visst klaff med både loddtrekning og det som skjer på fjorden.

Grunna vindstille sundag vart det gjennomført 3 løp på mandag og dermed var ein i rute i høve til det planlagde programmet. Det første løpet gjekk i 2-3 m/s, men så tok vinden seg opp til 5-7 m/s på dei to neste løpa. Amerikanske Jon Perkins var suveren med tre spikrar.

– Han seglar imponerande godt, fortel regattasjef Magne Sandtorv.

Tysdag var vinden nokså lett og i det fyrste løpet kunne det sjå ut til at Bergens-seglarane hadde ein heimebanefordel. I det fyrste løpet var dei tre fyrste båtane i mål alle segla av Bergens-seglarar. I det andre løpet var ting attende til det normale med Perkins og Gottfredsen på andre plass.

Verdt å merkja seg elles i dette løpet var 5 treknarrar mellom dei 8 fyrste båtane. Knarren vert nemleg segla med båtar av både plast og tre. For å halda eintypestatusen vert plastknarrane bygde med same vektfordeling og sluttvekt som treknarrane.

For amerikanske Brent Crawford enda dagen dramatisk. I pausen etter det andre løpet oppdagar mannskapet at båten er halvfull i vatn. Den fastmonterte lensepumpa er øydelagt og noko laus pumpe finst ikkje. Dermed måtte verdas beste pumpe takast i bruk: ein redd mann med bøtte… – Det heile gjekk bra, båten vart taua til lands og teken hand om, fortel Magne Sandtorv.

Dagen vart avslutta med fest på Bergens Sjøfartsmuseum.