Ikke bare bare å arrangere regatta vinterstid
Kontrastrik Snøføyka
Båtbrann, isbryting, solrik, vindfattig, langsom og avkortet. Disse stikkordene oppsummerer årets Snøføyka.
LITE VIND. Før start var det lett bris frå søraust 2–3 m/sek, og meldingane tydde på at dette skulle auka til 4–5 m/s utover dagen. Det vart difor avgjort å segla løp nr. 2: Start – merke 300 meter til lo for startlinja om babord – Kalsøyflu om babord – Skageflu om babord – Rotøyane om babord – mål.
VINDEN LØYET. Mellom Rotøyane og Ramsøy minka det gradvis med vinden og det vart etterkvart ein del spredning i feltet. Dette vart særleg båtane i klassen utan spinnaker skadelidande av.
Etter runding av Kalsøyflu tok vinden seg litt opp att og båtane fekk ein grei kryss i 2-3 m/sek.
Etter målgang kunne småkalde seglarar gle seg over varm suppe og ei kort oppsummering av Thomas Nilsson fra North Sails sine inntrykk frå dagen. Dinest var det klart for premieutdeling.
Ran Seilforening takkar alle medhjelparar og deltakarar for god innsats og ynskjer velkomen attende til Snøføyka neste år.