Informasjon fra Askøy Seilforening

START: Det vart ein regnvåt regattastart. Her er leiarbåtane på veg ut Hjeltefjorden.

Seilmakeren Doublehanded vel i hamn

Seilmakeren Doublehanded, den største doublehanded-regattaen i vest gjekk føre seg i lette vindar og varmt vêr helga 24. - 26. mai. Løpet gjekk i år nordover med runding Geitene ved Værlandet og start og målgang ved Askøy.

Harald Gjøsæter • Berre 26 båtar var påmelde, det lågaste talet sidan regattaen starta opp for 20 år sidan. Dei som segla fekk ein fin, men utfordrande seglas. Utfordringa låg ikkje i hardt arbeid over vinsjane, for vinden kom knapt over 5-6 m/s og det var medvind i store deler av løpet. Det var som vanleg nattestilla som skapte bry for mange. Frå starten kl 11 fredagen til ut på kvelden var det spinnakerlens i gradvis avtakande vind, som døydde heilt bort i 18-19-tida. 

VINNERE: Harald Matland frå Nordhordland Seilforening (t.v.) mottar førstepremien i klasse A frå regattasjef Finn Espeseth.

Dei fleste båtane var då vest av Ytre Sula like nord for Sognefjorden. Heldigvis gjekk straumen nord, så alle rak rette vegen, dei heldigaste med litt over ein knop. Og slik gjekk natta. Først langt ut på morgonkvisten kom dei siste båtane seg laus og kunne kryssa opp til runding. Vinden stod litt lengre på laurdagen, så alle båtane kom i mål i løpet av kvelden. Den raskaste båten etter rundt 25 timar, siste båt omtrent ti timar seinare.

Etter målgang vanka det lapskaus i klubbhuset, mens premieutdelinga gjekk føre seg søndag ettermiddag. Då vart det også trekt sponsorpremiar frå hovudsponsor Seilmaker Iversen. I klasse A gjekk Harald Matland i «X-faktor» av med sigeren, medan i klasse B vann Stavanger-båten «Lillefix», med Morten Sola som skipper. 

Regattakomiteen kan no pusta letta ut! No gjenstår det berre å halde eit evalueringsmøte for arrangementet, før ein velfortent sommarferie ventar. Men særleg lang kan ikkje den ferien bli, for det er allereie opna for påmelding til neste store regatta, Askøy Rundt, som går rundt midten av august. Og også det arrangementet krev mykje planlegging og førebuing. 

Komplett resultatliste etc. finn du på regattaen si heimeside på SailRaceSystem.

Heimeside for Askøy Rundt finn du på SailRaceSystem 

Fra seilforeningene

SEILmagasinet samarbeider med en rekke seilforeninger landet rundt. Disse foreningene har egen side i magasinet med innsendt stoff. Dette stoffet blir også publisert på SEILmagasinets nettside. Denne artikkelen er innlevert av en seilforening og ikke skrevet av SEILmagasinets redaksjon, og ikke underlagt Redaktørplakaten.