
Klart for SPZ Seilmakeren Doublehanded
Ny sponsor og samme bane som i fjor, uten pitstop, skal trekke seilere. Første båt fra Østlandet er alt påmeldt.

– Full fart frå første stund, melder Harald Gjøsæter fra Askøy Seilforening. 26. februar, tre månader før seilasen går av stabelen, åpnet påmelding til SPZ Seilmakeren Doublehanded.
– Og det gjekk ikkje mange minuttane før det var fire påmelde båtar, forteller Gjøsæter.
Det er 15. gang regatten arrangeres. SPZ Seilmakeren Doublehanded teller i SEILmagasinets shorthanded ranking med vekttall 1,5.
Du finner påmeldingen til regattaen har.
110 nautiske mil nonstop
– Som i fjor, går også i år regattaen utan kvil undervegs, frå Askøy sørover med runding Ramsholmane på Sletta, og retur til Raunefjorden. Cirka 110 nautiske mil er løpet strake vegen – men seglasar går jo skjeldan strake vegen – så dette løpet favoriserer dei som er uthaldande. Og dei som seglar på skift medan makkeren kviler. Men dette er ikkje eit løp ein kan sova seg gjennom; dei mange av vegvala undervegs krev sine rormenn og -kvinner fullt ut, skriver Gjøsæter.
Oppfordrer til tidlig påmelding
– Ein ting som er nytt i år er at dei 1750 kronene det kostar å melda seg på, ikkje er tapt om ein av ein eller annan grunn må melde seg av igjen før 1. mai. Regattaleiinga har nemleg bestemt, i von om at det skal hjelpe på tidleg påmelding til regattaen, at i slike tilfelle skal ein tilbakebetale påmeldingsavgifta. Det at dei fleste melder seg på siste dagane før løpet startar, gjer det vanskeleg å planlegge, ikkje minst sidan det skal bestillast sporingseiningar til alle båtane, skriver Gjøsæter.
Regattasjefen håper at påmeldingene fortsetter å strømme inn, slik det har startet, og at flere finner muligheter til å delta i denne fantastiske regattaen.

